søndag 29. april 2012

Scones

Desse lagar eg når me ikkje har brødmat i huset - kanskje ikkje så veldig sunt, men desto bedre med sirup på... Oppskrifta gjer 12-16 stk.

Du treng:
500 g kveitemjøl
100 g smør
5 ts bakepulver
1 ts salt
3,5 - 4 dl mjølk

Slik gjer du
Bland det tørre. Smuldre inn smøret. Eventuelt, dersom du ikkje har romtemperert smør, kan du smelte smøret, ta det av plata og deretter helle mjølka oppi. Då stivnar smøret igjen, og det er lett å røre inn i deigen. Blad akkurat så lenge at alt er blanda. Tilsette meir mjølk eller mjøl dersom det trengs.

Form til emner på passande størrelse, eg likar dei litt store og lagar dei i muffinsbrett. Då passar eg på å bruke opp all deigen slik at eg berre treng steikja i ein omgong... Du kan også forme deigen til "bollar" og steikje på steikebrett. Steik på 250 grader i 10-15  minutt.




Oppskrifta er henta frå "Familiekokeboka" av Tom Victor Gausdal og Ole Martin Alfsen. Eg har gjort små endringar på oppskrifta.

God baking! 

Hilde 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar