onsdag 25. april 2012

Tex-mex burger

Eg skal visa deg korleis du lagar ein slik herleg tex-mex burgar, som er like enkel å laga som kjøpeburgar! Oppskrifta gjer 4 stk. 


Ingrediensar
400 g karbonadedeig (sjå tips)
½ chili, med frø
2 fedd kvitlauk
1 ss malen spisskummin
2 ss tørk koriander (4 ss dersom du bruker fersk, hakka koriander) 
1 ss olje
Salt og pepar 

Slik gjer du
Finhakk chili og kvitlauk, og bland med spisskummin, koriander og olje. Hugs å ikkje klø deg i auga etter dette! 




Bland saman med karbonadedeigen og form til 4 karbonader. Du kan bruke eit glas eller ei anna rund form for å få dei heilt runde og fine. 




Så er det berre å steikje! Eller du kan gjera som meg, frysa ned to av dei til bruk ein annan gang. Pakk dei berre inn i plast og pass på at dei ligg flatt i frysaren. 


Steik dei raskt på høg temperatur til dei får steikeskorpe, og ta panna av varmen og la dei steikje ferdig på ettervarme. Server med hamburgarbrød og tilbehør, og pommes frites eller heimelaga potetbåtar. Oppskrifta på det skal du få ein annan gong! 




Tips
Dersom du ikkje har karbonadedeig, går det fint å bruke vanleg kjøttdeig. Forskjellen er at karbonadedeig er magrare, og laga av reinskåret kjøt.


Oppskrifta er henta frå "Familiekokeboka" av Tom Victor Gausdal og Ole Martin Alfsen. Eg har gjort små endringar på oppskrifta. Du vil merke på framtidige oppskrifter at dette er mi favorittkokebok! 


Bon appétit!

Hilde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar